Folkekyrkje i endring: Kyrkjetypologiar og auka gudstenestedeltaking
Sammendrag
Sammendrag
Generelt er det færre som tek del i gudstenester. Dei seinaste åra har nedgangen vore markert. Men nokre stader går utviklinga i motsett lei. I Den norske kyrkja er det kyrkjelydar med auka oppslutnad om gudstenestene. Denne artikkelen undersøkjer fire kyrkjelydar med aukande gudstenestesøking. Kva kjenneteiknar desse kyrkjelydane – og kva er det mogleg å seie om deira ekklesiologiske profil? Artikkelen drøftar ulike kyrkjelydstypologiar opp mot empirisk materiale frå dei utvalde kyrkjelydane. Eit hovudfunn er at det i alle dei fire kyrkjelydane i større eller mindre grad finst tydelege drag av det eg har kalla ein folkekyrkjeleg profil. Den kyrkjesosiologiske litteraturen har hevda at særmerkt for denne kategorien er at det er få særlege kyrkjelege aktivitetar ut over det som er knytt til prestetenesta. Men dette høver ikkje på nokon av kyrkjelydane i utvalet. Tvert om er dei alle aktivitetskyrkjelydar med eit omfattande kyrkjelydsarbeid og mange aktivitetar. Artikkelens påstand er at fordi kyrkjelydar endrar seg, vil det òg krevje modifiserte kyrkjelydstypologiar.
Nøkkelord
Abstract
As a general trend, fewer people are attending church services. In recent years there has been a significant drop in church attendance. However, some congregations within the Church of Norway are experiencing a development in the opposite direction. This article examines four congregations undergoing a growth in participation. What characterizes these congregations, and what can be said about their ecclesiastical profile? The article discusses different congregational typologies against the empirical evidence from the chosen congregations. A main finding is that all four congregations have more or less distinct traits of what I call ‘a folk church profile’. According to the church sociology literature, a distinct feature of this category is very few religious activities beyond those related to the ministry. This, however, does not fit with any of the chosen congregations. On the contrary, they all are activity congregations with extensive religious activities. The article argues that because congregations are changing, modified congregational typologies are required.
Keywords
Stadig færre tek del i gudstenester i Den norske kyrkja. Det har vore ei nedgang i den årlege gudstenestedeltakinga frå om lag 7 millionar i 2000 til 5,3 millionar i 2018. I dei tre åra frå 2016 til 2018 vart det 452 000 færre personar som gjekk til gudsteneste.1 Men det finst kyrkjelydar som bryt med den generelle tendensen. Denne artikkelen spring ut av eit tverrfagleg forskingsprosjekt som analyserer kyrkjelydar i Den norske kyrkja som opplever auka gudstenestedeltaking. Undersøkinga baserer seg på eit datasett som er generert frå kyrkjedatabasen som er eigd av Den norske kyrkja og blir drifta av Norsk senter for forskningsdata (NSD). Datasettet inneheld ein oversikt over talet på personar som var til stades på gudstenester på sun- og heilagdagar, samt andre gudstenester i perioden 2012–2017 samanlikna med tidsrommet 2008–2012.2 Fire kyrkjelydar er med i utvalet: Nord, Sør, Vest og Aust.3 Av alle gudstenester, inkludert både sun- og heilagdagar og andre gudstenester, har Aust og Vest den største prosentvise auken i gudstenestedeltakinga med høvesvis 31,6 % og 28,3 %. Sør har ein auke på 24,3 %, medan Nord går opp 15,5 %, den lågaste auken av kyrkjelydane som er med. Med omsyn til utvalet er kyrkjelydar der særlege hendingar eller omstende kan tenkast å vere årsak til utviklinga i gudstenestedeltaking, luka ut.4
Det empiriske materialet som ligg til grunn for undersøkinga, omfattar avgrensa feltbesøk i dei fire kyrkjelydane, med to forskarar i kvar av kyrkjelydane. Besøka er gjennomførte same sundagen (Maria bodskapsdag 24.3.2019) i tillegg til dagane før eller etter. Det er gjort observasjon med videoopptak av ei gudsteneste i kvar av kyrkjelydane. Vidare er det gjennomført gruppeintervju med personar som tek jamleg del i gudstenester, med gudstenesteansvarlege (friviljuge og tilsette) og med leiinga i den einskilde kyrkjelyden (sokneprest, dagleg leiar og soknerådsleiar).Totalt er 42 personar intervjua. Dessutan er det henta inn årsrapportar, visitasmeldingar og gjort observasjon og uformelle samtalar under feltbesøka.
Artikkelen inngår i forskingsprosjektet «Sted, rom og praksis. Gudstjenester folk vil ha», leidd av førsteamanuensis Elisabeth Tveito Johnsen. Prosjektet er eit eittårig prosjekt på oppdrag for, og finansiert av, Den norske kyrkja. Denne artikkelen fokuserer på kva som kjenneteiknar dei utvalde kyrkjelydane som stad. I det følgjande er føremålet å sjå nærmare på kva slags kyrkjelydar det er som opplever auke i gudstenestedeltakinga.5 Den norske kyrkja er prega av ulike lokale kulturar. Eg vil sjå nærmare på kva for kyrkjelydstype eller kyrkjeleg (ekklesiologisk) profil som kjenneteiknar kyrkjelydane som er med i undersøkinga. Dette skjer ut frå ei drøfting av kyrkjelydstypologiar som er vanlege innanfor nyare kyrkjesosiologisk forsking. Artikkelen har òg som ambisjon å drøfte i kva grad slike typologiar faktisk er eigna til å karakterisere konkrete kyrkjelydar. Som kjeldegrunnlag for undersøkinga i artikkelen vil det i tillegg til statistisk materiale frå NSD bli nytta intervju som har vorte gjort under feltbesøka, og ulike typar av offisielle dokument frå dei aktuelle kyrkjelydane, til dømes ulike typar styringsdokument, årsmeldingar, visitasmeldingar og historisk materiale.
Etter ein gjennomgang av kyrkjelydane kvar for seg vil framstillinga munne ut i ei samanliknande drøfting.
Teoretiske perspektiv
Det har etter kvart vorte gjort ein god del empirisk forsking på kyrkjelydar i Den norske kyrkja. To viktige empiriske studiar er framleis Knut Lundbys Troskollektivet frå 1987,6 ei undersøking av «småkirkemenigheten» på Tøyen i Oslo, og Harald Hegstads Folkekirke og trosfellesskap frå 1996.7 Lundby studerer Tøyenkyrkja, innvigd i 1907 og lagt ned som kyrkjelydskyrkje i 1984. Kyrkja vart etablert som ei arbeidskyrkje for arbeidarbefolkninga i området. Pietistiske vekkingar førte til at det oppstod eit skilje mellom omvendte og uomvendte. Fellesskapet av dei omvendte kallar Lundby «troskollektivet». Å ha vore gjennom ei omvendingserfaring er avgjerande for å høyre til truskollektivet.8 Mange av dei som budde i stroket, heldt seg borte. Tersklane til kyrkjelyden vart for høge. Slik verkar truskollektivet til å svekkje den lokale folkekyrkjekulturen. Ifølgje Lundby synte dette «folkekirkens oppløsning i Norge».9
I Hegstads studie inngår dei to omgrepspara «folkekirkeligheten» og «trosfellesskapet» derimot i eit samspel og er gjensidig avhengige av kvarandre. Dei uttrykkjer ein dobbelt ekklesiologisk røyndom som pregar Den norske kyrkja. Trusfellesskapet refererer til «de ulike former for gruppedannelse som skjer i kraft av en felles religiøs selvforståelse og et felles engasjement hos dem som tilhører fellesskapet. Kjennetegnet på trosfellesskapet er at det er det religiøse (‘troen’) som er det konstituerende element i gruppedannelsen». Det folkekyrkjelege knyter Hegstad til «den form for kirkelig tilhørighet som er en del av en allmenn kultur i samfunnet – både på det lokale og det nasjonale plan».10
Gjennom å undersøkje tilhøvet mellom kyrkja som folkekyrkje og kyrkja som trusfellesskap og korleis dette avteiknar seg i tre konkrete kyrkjelydar, kjem Hegstad fram til tre forskjellige kyrkjelydstypar eller typologiar: «folkekirkemenigheten», «bedehusmenigheten» og «kjernemenigheten». Folkekyrkjelyden er ikkje kjenneteikna av ein indre kjerne, og har få kyrkjelege aktivitetar som ikkje er knytt til prestetenesta. Det er eit nært samhøve mellom kyrkja og lokalsamfunnet, medan oppslutnaden om gudstenester og nattverd er liten. Bedehuskyrkjelyden reflekterer vekkingskristendommen, der dei aktive på bedehuset òg er dei som pregar lokalkyrkjelyden.11 Kjernekyrkjelyden er ein kyrkjelydstype som òg har utvikla seg frå den pietistiske vekkingskristendommen, men ifølgje Hegstad har det gått føre seg ei «kirkeliggjøring» som inneber aktiv deltaking i lokalkyrkjelyden sitt arbeids- og aktivitetsfellesskap.12
Ein nyare studie er Olaf Aagedals Bedehusfolket (2003), som på same måten som Hegstad òg har ein tredelt kyrkjelydstypologi.13 Aagedal nyttar «bygdekyrkja» om den geografisk avgrensa folkekyrkjelyden med tyngdepunkt hos dei som kjem til kyrkja i samband med overgangsritane.14 Vidare er kategorien «gudsteneste- og nattverdkyrkjelyden» («vedkjenningskyrkjelyden») hos Aagedal avgrensa ut frå religiøs overtyding og deltaking, medan arbeidskyrkja eller aktivitetskyrkja er aktivitets- og miljøfellesskap som er retta mot bestemte grupper som til dømes born, ungdom og eldre.15
Studien Når tro skal læres (2008) av Harald Hegstad, Olaf Aagedal og Anne Schanche Selbekk inngår i eit større forskingsprosjekt som har evaluert forsøksfasen i trusopplæringsreforma i Den norske kyrkja. Dette er ei empirisk undersøking som tek føre seg sju lokale prosessar knytt til trusopplæring.16 Forfattarane ser òg på trusopplæring i relasjon til «menighetstyper», som uttrykk for «ulike lokale kulturer, religiøst og kirkelig sett». I rekrutteringsarbeidet til trusopplæringsprosjekta la ein vekt på å spegle ulike kyrkjelydstypar, og la då til grunn ein typologi som har vore nytta i anna forsking. Ein skil mellom tre grunnleggjande kyrkjelydstypar: «folkekirkemenigheten», «bedehusmenigheten» og «arbeidskirkemenigheten».17 Desse synest å vere ei tilrettelegging av Hegstads og Aagedals typologiar som er presenterte ovanfor.18 Dei karakteriserer folkekyrkjetypen som ein kyrkjelyd utan ein dominerande indre kjerne og med få særlege kyrkjelege aktivitetar utanom det som er knytt til den geistlege verksemda. Kjensla av tilhøyrsle til kyrkja vil vere stor i lokalsamfunnet, men det er høvesvis få som går regelbunde til kyrkje.
Som folkekyrkjetypen har òg arbeidskyrkjelyden ein mindre klart definert kyrkjelydskjerne og omfattande kyrkjelege aktivitetar i regi av lokalkyrkja, i første rekkje soknerådet. Kyrkjelydskjernen fell ofte saman med dei som er involverte i dei ulike formene for aktivitetar som kyrkjelyden driv, og desse utgjer òg dei som går jamleg til gudsteneste. Dei har ofte kyrkjekaffien som ein sentral møtestad. Ofte vil denne kyrkjelydstypen anten ha eit kyrkjelydshus i tillegg til eit tradisjonelt kyrkjebygg eller ei moderne arbeidskyrkje som rommar både gudstenester og kyrkjelege aktivitetar.
Den tredje kategorien, bedehuskyrkjelyden, er prega av eit aktivt arbeid frå friviljuge kristne organisasjonar. Dei som høyrer til bedehusmiljøet, speler gjerne ei sentral rolle i den lokale kyrkjelyden og utgjer kjernen av dei faste kyrkjedeltakarane og dei som går til nattverd. Men det er slett ikkje alltid tilfelle at det lokale bedehusfolket sluttar opp om dei kyrkjelege gudstenestene.19
Fleire forskingsbidrag har nytta og til dels modifisert dei kyrkjelydstypologiane som er presenterte i det føregåande. Her skal nemnast Lars Råmunddals Konsept og endring (2011), ein studie av korleis lokale ekklesiologiar blir utvikla i kyrkjelydar som driv kyrkjelydsutviklande arbeid. Undersøkinga baserer seg på dei to kyrkjelydane Voie og Grimstad misjonsmenighet.20 Råmunddal nyttar Hegstads tredelte typologi, men særleg den eine av desse, «kjernemenigheten».21 Tilsvarande har Anne Haugland Balsnes nytta Hegstads hovudkategoriar «folkekirke» og «trosfellesskap» i ein studie av liturgisk musikk i Den norske kyrkja.22
Som ein del av forskingskonteksten må òg nemnast prosjektet «Menighetsutvikling i folkekirken», eit prosjekt for å medverke til systematisk utviklingsarbeid i lokale kyrkjelydar i Den norske kyrkja. Det tok til i 2008.23 Her arbeider ein ikkje ut frå bestemte kyrkjelydstypologiar, men dei lokale kyrkjelydane må finne sin eigen veg. Prosjektet har mellom anna resultert i antologien Menighetsutvikling i folkekirken (2012), med relevante perspektiv og problemstillingar i høve til empirisk kyrkjeforsking.24
Oppsummerande er det ein tredelt kyrkjelydstypologi som går att i den kyrkjesosiologiske litteraturen. Ein kan nytte litt forskjellige omgrep, men innhaldsmessig korresponderer dei i stor grad. Lundbys «troskollektiv» og «folkekirkekultur» versus Hegstads «folkekirkelighet» og «trosfellesskap» kan eigentleg ikkje seiast å vere distinkte kyrkjelydstypologiar eller -kategoriar. Dei kan snarare vere uttrykk for kyrkjeleg gruppedanning og tilhøyrsle, ulike sosiale former innanfor kyrkjelyden. Tre meir spesifikke kyrkjelydstypar eller kategoriar er identifiserte: «folkekirkemenigheten», «bedehusmenigheten» og «kjernemenigheten» (Hegstad). Dei overlappar delvis med «bygdekyrkje», «gudsteneste- og nattverdkyrkjelyden» og «aktivitetskyrkja» hos Aagedal. Som ei krysning av Hegstad og Aagedals typologiar nyttar Hegstad, Aagedal og Selbekk kategoriane «folkekirkemenigheten», «bedehusmenigheten» og «arbeidskirkemenigheten».
Ei utfordring ved kyrkjelydstypologiane kan vere at dei er utvikla på grunnlag av studiar av kyrkjelydar for ein del år sidan. Sjølv om dei blir nytta i nyare undersøkingar, må det takast høgde for at typologiane reflekterer eit kyrkjelandskap som ser annleis ut enn det som er situasjonen i dag. Fordi kyrkjelydar endrar seg, vil det òg krevje modifiserte kyrkjelydstypologiar. I det følgjande vil eg analysere kyrkjelydane Aust, Vest, Sør og Nord ut frå stad/plassering, kyrkje/kyrkjelydshus og ekklesiologisk profil.
Aust
Aust er ein urban bykyrkjelyd. Området vart bygd ut sist på 1800-talet, og Aust vart skild ut som eigen kyrkjelyd på denne tida. I dag bur det i overkant av 13 000 menneske i soknet, av desse er om lag 6700 medlemmar av Den norske kyrkja. Området har høge bukostnader, noko som påverkar busetjinga. Befolkninga er for ein del unge menneske utan born, mange i vaksen alder og pensjonistar. I den første gruppa er det stor grad av mobilitet. Unge innflyttarar manglar ofte tilknyting til bydelen frå før. Talet på barnefamiliar er aukande. Om lag halvparten av den vaksne befolkninga i området der kyrkjelyden ligg, har høgre utdanning.
Aust kyrkje ligg markert til i omgjevnadene. Ho er ei nygotisk treskipa langkyrkje i tegl og vart innvigd i 1886. Kyrkja rommar om lag 650 personar, og har vakker utsmykking, til dømes fleire glasmåleri av ein kjend kunstnar. Interiøret fekk si noverande utforming i 1930-åra. Kyrkja har eit nytt, stort orgel. I kyrkjelyden finst i tillegg til kyrkja eit kyrkjelydshus, der mykje av dei kyrkjelege aktivitetane gjennom veka går føre seg.
Totalt er auken i gudstenestebesøket i Aust dei fem seinaste åra 31,6 %, medan auken er så mykje som 45,1 % når det gjeld gudstenester på sun- og heilagdagar i tidsrommet 2013–2017 samanlikna med 2008–2012. Aust er den kyrkjelyden i utvalet som òg har det høgste deltakartalet i andre gudstenester. Høgdepunktet var i 2016, då 6424 personar tok del i andre gudstenester i kyrkjelyden og i underkant av 20 000 var med på sundagsgudstenester. Av kyrkjelydane i undersøkinga har Aust den største snittdeltakinga på kvar gudsteneste. I 2017 var snittet 200 personar, med ei nattverddeltaking på 72,5 % (145 personar). Eit stort innslag av desse går fast til gudsteneste her.25 Talet på gudstenester har auka med 19 % i perioden. Dåpstalet har auka noko, men kan ikkje forklare den sterke auken i gudstenestedeltakinga.
Aust har eit omfattande kyrkjelydsliv og mange aktivitetar. Kyrkjelyden er kjenneteikna av å fokusere på gudstenesta og eit omfattande og kyrkjemusikalsk og kulturelt arbeid. I 2016 vart det arbeidd ut ein ny strategi for kyrkjelyden. Gudstenester, kyrkjemusikk og barne- og ungdomsarbeid (trusopplæring) er dei tre høgst prioriterte områda.26 Kyrkjelyden er sjølv medviten om den aukande gudstenestedeltakinga, og ser dette som eit resultat av prioriteringane. Som eit særkjenne ved høgmessene blir det i intervjuet med leiinga lagt vekt på det høge kyrkjemusikalske nivået, «flinke prester» og mange friviljuge medarbeidarar. Hos informantane er «kvalitet» eit viktig stikkord. Ein syner her ikkje minst til det kyrkjemusikalske arbeidet, der visjonen er at kyrkjelyden «skal være det naturlige møtestedet for alle som er interessert i kirkemusikk».27
Vidare blir det poengtert i intervjua med stab og leiing at kyrkjelyden har «byens største kirkekaffe», som krev stor grad av organisering og friviljug innsats. Det er uttalt som eit mål at kyrkjekaffien skal utviklast som «menighetens møtested». Det blir streka under at Aust har vorte ein kyrkjelyd for heile byen, ikkje berre for dei som geografisk soknar til han. Gudstenestene blir i intervjua karakteriserte som noko «gammeldags» eller «høykirkelig». Det er eit tydeleg fokus på gudsteneste- og nattverdkyrkjelyden. Av intervjua går det fram at den sterke kyrkjemusikalske satsinga òg er med på å trekkje folk til gudstenestene.
Barne- og ungdomsarbeidet opplever vekst. Det blir satsa målmedvite på trusopplæring. Rett nok vart det under bispevisitasen i 2017 peika på ungdomsarbeidet som noko som kyrkjelyden burde arbeide særskilt med.28 Aktivitetane for born og unge er mange, til dømes sundagsskole, babysong, gospel, leikelaurdag, leiarkurs, tysdagsmiddag. Hausten 2017 var det 43 konfirmantar. I tillegg til undervisningssamlingar og deltaking på gudstenester er det òg konfirmantleir.29
Aust kan seiast å ha klare drag av ein arbeids- eller aktivitetskyrkjelyd ut frå dei mange kyrkjelege aktivitetane. Samstundes er fokuset på gudsteneste- og nattverdkyrkjelyden det sentrale kjenneteiknet på kyrkjelyden.30 Gudstenestefeiringa sundag formiddag er kyrkjelyden si sentralsamling. Kyrkjelyden samla om ord og sakrament fokuserer trusfellesskapet.
Vest
Vest er ein kyrkjelyd i sentrum av ein større by. I 2016 hadde soknet 6369 innbyggjarar. Av desse var 3081 medlemmar av Den norske kyrkja. Befolkningsutviklinga i kyrkjelyden har vore stabil dei seinaste ti åra. Eit klart fleirtal av befolkninga i byen arbeider innanfor servicenæringane, deretter kjem industri og helse- og sosialtenester. Utdanningsnivået er høgt. 34 % av befolkninga over 16 år har utdanning på universitets- og høgskulenivå.
Sterk folkeauke og byutvidingar førte til at Vest vart eige sokn kring midten av 1800-talet. Frå 2018 er Vest slått saman med nabokyrkjelyden.31 I den eine delen av området der Vest kyrkjelyd ligg, er det vesentleg einebustader og nokre tomannsbustader. Staden har dei seinaste ti åra vore inne i eit stort generasjonsskifte. Hit flyttar i hovudsak familiar med born i skulealder. I den andre delen av kyrkjelyden er det fleire mindre leilegheiter. Befolkninga er til dels yngre, og det er langt fleire første- eller andregenerasjons nordmenn her enn i den andre delen som kyrkjelyden omfattar.
Vest kyrkje er ei treskipa langkyrkje i nyromansk stil, med vindauge og døropningar i rundbogeform. Byggematerialet er teglstein. Kyrkja vart innvigd i 1866, og rommar i dag 750 menneske. Ein stor Kristus-statue fungerer som altartavle. Kyrkja har vore gjennom fleire restaureringar, sist i 2004–2008. I samband med dette vart det grave ut eit kjellarlokale, som nyttast til ulike aktivitetar og har plass til 150 personar.
Vest kyrkje har vore eit naturleg sentrum for kyrkjelyden. Kyrkja er ein viktig konsertarena, og blir gjerne omtala som byens «kulturkyrkje». I nærleiken av Vest kyrkje er òg ei anna kyrkje av katedraltypen med ein sentral kyrkjeleg funksjon. Vest sine satsingar og kyrkjelydsprofil synest å reflektere eit klart medvit om den kyrkjelege konteksten og nærleiken til den andre kyrkjelyden.
I tillegg til kyrkja er det òg eit kyrkjelydshus med omfattande aktivitet veka igjennom. Kyrkjelydshuset speler òg ei stor rolle for lokalsamfunnet. Kyrkjelyden ønskjer at det skal vere eit ope hus for området rundt. Det blir lagt vekt på at kyrkjelydshuset og aktivitetane der i stor grad er integrerte i lokalmiljøet.
Talet på gudstenestedeltakarar i Vest har totalt auka med 28,3 %, men auken på sundagar og heilagdagar er 32,9 %. Dette skjedde trass i at talet på gudstenester vart redusert med 23 %. Talet på andre gudstenester auka derimot med 15,5 %, medan det vart 12,1 % fleire deltakarar på desse gudstenestene. Dermed har deltakinga på gudstenester i Vest gått opp samstundes som gudstenestetilbodet på sundagar har gått betydeleg ned.
Vest er karakterisert av eit breitt gudstenestetilbod. Kvar veke er det mellom fem og åtte gudstenester med ulik karakter, frå små kvardagsmesser til store gudstenestesamlingar. Det er stor variasjon i gudstenesteformene, til dømes kafégudsteneste, gospelmesse, kvardagsmesser, Taizé-bønn, lysvesper, månadlege lågterskelmesser og allsongskveldar. Fleire av gudstenestetypane kan seiast å kombinere kulturtilbod med gudstenestefeiring.
Kyrkjelyden driv omfattande trusopplæring for born og unge i alderen 0–18 år. Ein har òg eit variert konfirmantopplegg. I kyrkjelydsarbeidet står elles korverksemda sterkt. Det er fleire kor som alle tek jamleg del på gudstenester og andre samlingar. Ein nyttar også drama og dans. Kyrkjelyden legg vekt på involvering av born og unge, for at dei skal vekse inn i kyrkja. Det friviljuge arbeidet i kyrkjelyden er omfattande. I samband med bispevisitasen i 2013 gjekk det fram at det i Vest fanst 170 friviljuge på sentrale område i kyrkjelydsarbeidet. Flest var knytte til komité- og utvalsarbeid, diakoni og gjennomføring av gudstenester. Det blir samarbeidd med ein del andre kyrkjelege institusjonar i nærmiljøet.
Vest har viktige drag frå arbeidskyrkjelyden, ikkje minst knytt til det høge aktivitetsnivået. Samstundes er dette kombinert med ein tydeleg folkekyrkjeleg profil. Visjonen for kyrkjelyden, vedteken i 2013, er «Engasjert og inkluderende. En kirke for alle!».32 Soknerådsleiaren konkretiserer kyrkjelydsprofilen slik: «For meg består den teologiske profilen i lave eller ingen terskler, veldig stor takhøyde og en Kristus som bokstavelig talt står og ønsker velkommen … så enkelt.»33 Tilsvarande formulerer soknepresten: «[V]i prøver jo samtidig å høvle ned alle dørstokker.»34
Vest omtalar seg sjølv som kulturkyrkje. Kulturen sin plass har vorte styrkt dei seinare åra med mange arrangement og høg oppslutnad. Kultursatsinga inngår òg i ein medviten folkekyrkjeleg profil og trekkjer mange til kyrkja. Kulturkyrkja overskrid soknegrensene med sine tilbod. Ei folkekyrkjeleg profilering blir òg uttrykt i samband med dåp. Informantane frå staben og kyrkjelydsleiinga legg vekt på å møte dåpsfamiliane på ein god måte, inkludere dei og skape nærleik i gudstenesta. «Og det at de blir tatt veldig godt i mot og at de snakker positivt om opplevelsen i etterkant, tror vi at er veldig viktig», strekar soknepresten under.35 Tilsvarande er vikarpresten oppteken av å ta omsyn til dåpsfolket i gudstenesta: «Vi har veldig mye dåp, så jeg legger vekt på å kommunisere bra med dåpsfolket og prøve å legge prekenen opp […] bevisst på at det er kirkefremmede folk i kirka, da.»36
Vest profilerer seg òg gjennom ei omfattande diakonal verksemd. Fleire av tiltaka skjer i samarbeid med Kirkens Bymisjon, til dømes måndagsfrukost og torsdagsmiddag, som begge er lågterskeltilbod. Det er tysdagskafé for pensjonistar, sorggrupper og besøksteneste.37 Elles har kyrkjelyden eit tett samarbeid med fleire av barnehagane og skulane i soknet. Det er fleire kyrkjelege samlingar for barnehageborn i førjulstida, mellom anna med Lucia-prosesjon. For fire av skulane i nærområdet blir det halde skulegudstenester før jul, og ein vidaregåande skule har juleavsluttinga i kyrkja. Fleire klassar ved vidaregåande skular både i og utanfor byen har ekskursjon til Vest kyrkje for undervisning i kyrkjene si historie og kyrka si rolle i dag. Det har òg vore fleire skuleførestellingar.38
Oppsummerande har vi sett at Vest har eit breitt gudstenestetilbod, eit høgt kyrkjeleg aktivitetsnivå inkludert trusopplæringsaktivitetar med mange friviljuge medarbeidarar. Vest kyrkje profilerer seg som kulturkyrkje og gjennomfører ei rekkje konsertar og andre kulturelle arrangement. Gjennomgangen syner at Vest har tydeleg drag av å vere ein arbeids- og aktivitetskyrkjelyd samstundes som ein ønskjer å framstå som ein folkekyrkjelyd, open for alle.
Sør
Sør sokn fell saman med Sør kommune. Folketalet er om lag 9 700. Medlemstalet i Den norske kyrkja har halde seg stabilt med ein medlemsprosent på 72, som er litt over landsgjennomsnittet. Sør er ein viktig jordbrukskommune med hovudvekt på korndyrking. Dei største næringane er helse- og sosialtenester, varehandel og bygge- og anleggsverksemd. Industrien har gått attende dei seinaste åra. Ein stor del, om lag 68 prosent av den yrkesaktive befolkninga, er sysselsett utanfor kommunen. Frå 1. januar 2020 er Sør del av ein større kommune som følgje av kommunereforma.39
Hovudkyrkja i soknet er Sør kyrkje, ei langskipa mellomalderkyrkje i stein med 350 sitjeplassar. Kyrkja er bygd i romansk stil, og dei eldste delane stammar frå slutten av 1000-talet. På slutten av 1700-talet brann Sør kyrkje ned, og ny kyrkje vart bygd opp att med utgangspunkt i dei gamle murane frå mellomalderen. Det eldste inventarstykket er døypefonten i romansk stil, hoggen i kleberstein truleg på slutten av 1100-talet. Altertavla og preikestolen er i rokokkostil. Kyrkja har gjennomgått fleire restaureringar og rehabiliteringar, sist i 2017. I tillegg til hovudkyrkja finst eit kapell frå byrjinga av 1900-talet som ligg vakkert til. Her er det gudsteneste kvar tredje sundag.
I tillegg til kyrkjene har kyrkjelyden eit mykje brukt kyrkjelydssenter som rommar mange ulike aktivitetar for born, ungdom og vaksne.
I perioden 2013–2017 har gudstenestedeltakinga i Sør auka med 24,3 % samanlikna med dei fem førre åra. Auken gjeld gudstenester på sun- og heilagdagar sidan kyrkjelyden knapt har andre gudstenester. Talet på gudstenester har auka med 19,8 %, medan dåpstalet har minka med 10 % i same periode. Men det er fleire med i dåpsfølgja enn før. Det er ikkje nattverd ved alle gudstenestene i Sør. «Det er mange meninger rundt nattverd og mange som syns at det er fremmedgjørende», konstaterer soknepresten.40 Intinksjon har samstundes gjort nattverd meir tilgjengeleg, og talet på nattverdgjestar er aukande.
Det blir arbeidd målretta med gudsteneste og liturgi. I 2016 valde soknerådet å gå attende til 1977-liturgien med omsyn til den liturgiske musikken, etter at gudstenestereforma hadde skapt ein del uro i kyrkjelyden. Eit viktig satsingsområde er å involvere songarar og instrumentalistar ved gudstenestene. Dette skal tene fleire føremål, mellom anna vil det gjere gudstenestene rikare og medverke til musikalsk variasjon. At fleire medverkar, gjer òg at fleire får eit eigartilhøve til gudstenestene og at oppslutnaden om gudstenestene aukar. Det er ein trufast kjerne som tek del i gudstenestene, men ein skulle gjerne hatt fleire som gjekk fast til gudsteneste. Kyrkjelyden har hatt ei satsing på salmekveldar for å stimulere salmesongen og kjennskapen til gudstenesteliturgien.41
Friviljug deltaking blir streka under som viktig. Kyrkjelyden har gjennom lang tid hatt eit sterkt barne- og ungdomsarbeid. Konfirmantarbeidet er omfattande, mellom anna er konfirmantane med på Skjærgårdsfestivalen om sommaren. Konfirmasjon er tidleg om hausten. Det er fleire kor for born og unge i kyrkjelyden (barnekor, Soul Children og Soul Teens), og viktige tiltak innanfor trusopplæringsarbeidet er til dømes kveldskafé for ungdom, Next Level (eit dansetilbod), HalloVenn og «myndighetsmarkering» ved fylte 18 år.42
Det er eit omfattande skule–kyrkje-samarbeid. I 2016 hadde til dømes 12 skuleklassar KRLE-time i kyrkjerommet, der orgelet, kyrkjerommet si forteljing eller vandring på kyrkjegarden var tema. Kateketen hadde same året 26 skulebesøk med KRLE-time. Alle skulane kom til kyrkje i samband med julegudstenester.43
Sør er oppteken av å gje næring til gudstru, ramme og innhald til dei store hendingane i livet. Ut frå årsmeldingar og strategiske dokument går det fram at ein ønskjer ein kyrkjelyd som er open for alle.44 Mellom anna blir det lagt vekt på å ta imot dåpsfolket på ein god måte. At dåpsfølgja blir større, indikerer at dei kjenner seg velkomne. Men det er òg ambivalens knytt til at det blir fleire dåpsfolk. Einskilde sundagar kan dåpsfolket utgjere så mykje som tre fjerdedelar av kyrkjelyden, og dei interesserer seg ofte ikkje for å ta del i gudstenesta. Fleire medarbeidarar i Sør tek til orde for at det ikkje bør vere dåp ved kvar gudsteneste. Ikkje minst kyrkjelydskjernen vil setje pris på ei og anna rolegare gudsteneste utan dåp. Mange dåp blir sagt å kunne «kvele» gudstenesta.45
I intervjua blir Sør sagt å vere prega av ein lågkyrkjeleg tradisjon.46 Dette er eit vanleg omgrep knytt til norsk vekkingstradisjon og bedehuset. I kyrkjelydens offisielle dokument er det eit fokus på kyrkjelydsfellesskapet. Målet er å byggje og halde ved like fellesskapet i kyrkjelyden kring gudstenester og andre aktivitetar.47 Ein viss skepsis til at det skal vere nattverd på kvar gudsteneste, og til bruken av intinksjon kan vere utslag av at dei som går ofte til gudsteneste, er prega av lågkyrkjeleg vekkingskristendom. Men Sør synest å romme drag frå ulike kyrkjelydstypar. Det lågkyrkjelege aspektet dreg i retning av bedehuskyrkjelyden, medan ulike former for kyrkjelege aktivitetar går i retning av arbeidskyrkjelyden. Det finst òg ei folkekyrkjeleg tenking, ikkje minst knytt til historie og tradisjon og til dei folkekyrkjelege livsritane.
Sør har eit sterkt medvit om kyrkja sine historiske røter og betydninga som kyrkja og kristendommen har for bygda si historie. Den historiske kontinuiteten som kyrkjebygget representerer, blir streka under. Leiaren i fellesrådet strekar også under det historiske medvitet som viktig:
I fjor – nå er det ett år siden – så ringte tredje klasse på videregående, det vil si russen, og spurte om dem kunne komme å få en omvisning i kirken og få høre både om […] alt det gamle og det som var pussa opp som nytt […], og dem var veldig interesserte, for det var deres historie […] og sånne ting er også viktig at kirka er seg bevisst.48
Kyrkja har eit nært samarbeid med det lokale historielaget. Det er òg samarbeid med andre lag og foreiningar, mellom anna Bygdekvinnelaget.
Sør har drag av fleire kyrkjelydskategoriar. Her er eit innslag av vekkingskristendom i ei fast kjerne i kyrkjelyden som går i retning av bedehuskyrkjelyden (ev. «kjernemenigheten»), men endå sterkare er aktivitetskyrkjelyden med ei omfattande trusopplæringssatsing. Kyrkjelyden har samstundes ei folkekyrkjeleg profilering, til dømes med fokus på folkekyrkjelege ritar, i første rekkje dåp, og historisk tilhøyrsle og tradisjon.
Nord
Nord ligg i utkanten av ein universitetsby – med lett tilgjenge til natur og friluftsliv. I 2017 hadde soknet 9269 innbyggjarar, og av desse var om lag 6400 medlemmar av Den norske kyrkja. Kyrkjelyden er eit typisk forstadsområde med mange bustader og lite næringsverksemd. Området blir rekna som eit av dei mest velståande stroka i byen. Når det gjeld sysselsetting for byen som heilskap, dominerer tenestenæring og helse- og sosialtenester. Det er òg mange som arbeider med undervisning som følgje av at det er ein universitetsby. Utdanningsnivået i befolkninga er høgt. Ikkje langt unna halvparten har høgre utdanning.
Omfattande utbygging og vekst i folketalet gjorde at Nord vart skild ut som eigen kyrkjelyd i 1970-åra. Hovudkyrkja i soknet er frå midten av 1800-talet og ligg vakkert til med utsikt over byen. Nord har dessutan eit kyrkjelydssenter, der staben har kontora sine og mykje av kyrkjelyden sine aktivitetar går føre seg.
Nord kyrkje er ei nygotisk langkyrkje i stein med 200 sitjeplassar. Kyrkja vart innvigd i 1857. Ho ligg høgt og fritt i landskapet, med kyrkjegarden i forkant. Kyrkja har ein Kristusfigur som opphavleg stod på alteret, men som no er plassert i ei nisje til høgre for koret. Det er glasmåleri med oppstoda som motiv. Nord kyrkje blir mykje nytta som seremonikyrkje for dei folkekyrkjelege ritane.
Gudstenestedeltakinga i Nord syner ein auke på til saman 15,5 %, det lågaste av kyrkjelydane i utvalet. Derimot aukar deltakinga på sundagsgudstenestene med heile 29,9 %. Nord har det høgste dåpstalet av kyrkjelydane som er med i undersøkinga. Frå 2008 har det vore om lag 100 dåp i året, med ein topp på 130 i 2016. Dei seinaste fem åra (2013–2017) har talet på dåp auka med 18,2 % samanlikna med perioden før (2008–2012).
Gudstenestene i kyrkjelyden er mykje prega av dåp. «Jeg elsker å døpe barn», seier soknepresten, «så jeg er på det rette sted. De tingene jeg virkelig […] gleder meg over og gleder meg til, det er dåpssamtaler og dåp.»49 Nord ønskjer dåpsfamiliar utanfor soknet velkomne. Grensene mellom innansokns og utansokns er i realiteten viska ut. Det blir døypt fleire frå andre kyrkjelydar enn frå eigen kyrkjelyd. Av dei 107 døypte i 2017 budde 41 innanfor soknet. Dei fleste dåpsborna utanfor soknet kjem frå nabokyrkjelyden. Ein legg vekt på å gje dåpsfamiliane eit positivt møte med kyrkja. Dei seinare åra har kyrkjelyden gjennomført seks årlege dåpsgudstenester på laurdagar. Mange av dåpsborna på desse gudstenestene kjem òg frå nabokyrkjelyden, som òg er ansvarleg for nokre av desse gudstenestene.
«Nær og hellig» er formulert som ein visjon for Nord kyrkjelyd. Leiinga er oppteken av at kyrkja skal vere nær i lokalmiljøet og i menneska sine liv. Derfor fokuserer ein på «tilstedeværelse, fellesskap, relasjonsbygging og sosialt ansvar».50 Samstundes representerer kyrkja det som er annleis, det heilage. Det tydelege fokuset på dåp kan seiast å reflektere ein medviten folkekyrkjestrategi. Sokneråd og stab legg vekt på å vere ein raus og open kyrkjelyd som møter alle med respekt, også dei som ein ikkje ser så ofte i kyrkja. Det blir lagt vekt på at dynamikken mellom den høgtidelege Nord kyrkje og kyrkjelydssenteret med låg terskel midt i bustadområda fungerer godt.51
Nord kyrkjelyd er medviten om den haugianske tradisjonen som er knytt til kyrkja og kyrkjestaden. På staden der kyrkja er, stod ein gong ei smie som tilhøyrde ein av haugianarhovdingane i landsdelen. Han hadde vorte vekt av Hauge og byrja som lekpredikant. Mange kom til han i smia og søkte råd og hjelp i åndelege spørsmål. Kyrkja vart reist til ære og minne om denne haugianaren. Medvitet om den historiske kontinuiteten er òg knytt til kyrkja, som står fram som eit tradisjonelt kyrkjebygg som mange ønskjer som ramme om livsritane.
Nord har klare drag som svarar til det kyrkjesosiologien karakteriserer som folkekyrkjetypen. Dette er i særleg grad tilfelle om vi ser på verksemda knytt til Nord kyrkje, som er ei populær seremonikyrkje. Men dette er ikkje eintydig. Den omfattande kyrkjelege aktiviteten knytt til kyrkjelydssenteret trekkjer i retning av arbeidskyrkjetypen.
Drøfting og konklusjon
Kva kjenneteiknar dei fire kyrkjelydane i utvalet? På kva måte finn ein att kyrkjesosiologiens kyrkjelydstypologiar eller -kategoriar – og i forlenginga av dette: Speglar typologiar som er utvikla for ein del år sidan, situasjonen i aktuelle kyrkjelydar? Er dei eigna som reiskap i studiet av aktuelle kyrkjelydar?
Alle dei fire kyrkjelydane har flotte, eldre «katedralkyrkjer». Aust, Vest og Nord har kyrkjebygg frå siste del av 1800-talet i nygotisk eller nyromansk stil som ramme om gudstenester og folkekyrkjelege ritar, medan hovudkyrkja i Sør er ei mellomalderkyrkje. I stil og utsmykking reflekterer desse kyrkjene ei anna tid, men dette synest å vere oppfatta som funksjonelt i høve til den aktuelle gudstenestefeiringa og dei kyrkjelege handlingane. Det er knytt sterke tradisjonar til kyrkjene, og tradisjonsaspektet synest i fleire av kyrkjelydane å medverke til å halde oppe oppslutnaden om dei folkekyrkjelege ritane. Fleire av kyrkjene er populære som seremonikyrkjer. Tydelegast synest dette å vere tilfelle i Nord og Sør.
Tradisjonsaspektet kan elles uttrykkjast på andre måtar, til dømes gjennom kyrkjemusikken. I Aust er det eit rikt kyrkjemusikalsk tilbod på høgt nivå i gudstenestefeiringa og ved konsertar. Ei slik satsing finn ein elles òg i Sør.
I tillegg til dei eldre hovudkyrkjene har alle kyrkjelydane kyrkjelydshus («menighetshus») som supplerer kyrkjebygga med omfattande kyrkjeleg aktivitet, og som til dels også rommar gudstenestefeiring. Alle dei utvalde kyrkjelydane har såleis klare innslag av det den kyrkjesosiologiske litteraturen omtalar som arbeidskyrkjetypen. Dei er aktivitetskyrkjelydar med eit breitt kyrkjeleg aktivitetstilbod. Alle har eit omfattande trusopplæringstilbod.
Vest, Nord og Sør har alle klare drag av «folkekirkemenighet». I desse tre kyrkjelydane synest dei folkekyrkjelege handlingane i hovudsak å utgjere grunnlaget for auken i gudstenestedeltakinga. Kyrkjelydane har gjennomgåande ein klart uttrykt visjon om å vere opne og inkluderande. Eksplisitt blir dette uttrykt i samband med dåp, konfirmasjon og kontakt med foreldre til kormedlemmar. Å få til gode møte med dei som kjem for å døype borna sine, blir prioritert. Det blir lagt vekt på at dåpsfølgja, og også konfirmantforeldre og -familiar, skal kjenne seg inkluderte i gudstenestene. Dette blir mellom anna sett på som viktig med tanke på rekruttering til kyrkjelyden. Samstundes er det mogleg å spore ein ambivalens i høve til å leggje til rette for dåp. I Sør blir det peika på at dåpsfølgja i stor grad ikkje er deltakande i liturgien, og at dette naturleg nok pregar gudstenestene. Med tanke på gudstenesteopplevinga for dei som går til kyrkje fast, ville det vore fordelaktig å ha einskilde sundagar utan dåp.
Sjølv med ei folkekyrkjeleg profilering er det ingen av kyrkjelydane som kan seiast å representere folkekyrkjelydstypen i reindyrka form. Eit vesentleg kjenneteikn som går att i forskingslitteraturen, er at denne kyrkjelydstypen har få aktivitetar utanom dei som er direkte knytte til den geistlege tenesta. Ingen av kyrkjelydane svarar til ein slik karakteristikk. Vest profilerer seg som kulturkyrkje, har mange aktivitetar og stor grad av gudstenestedifferensiering. I Nord er verksemda meir retta direkte inn mot dei folkekyrkjelege handlingane, i særleg grad dåp. Dåpen har i dei fleste av gudstenestene her ein dominerande plass – og dåpsfølgja utgjer ein viktig del av gudstenestekyrkjelyden. Samstundes har soknet stor grad av kyrkjelege aktivitetar knytt til kyrkjelydssenteret. Både Vest og Nord kombinerer dermed omfattande kyrkjeleg aktivitet med ei tydeleg folkekyrkjeleg profilering. Sør har òg folkekyrkjelege drag, medan dette synest minst vektlagt i Aust. Der er det kvaliteten på det musikalske og det liturgiske som trekkjer folk til kyrkja.
Som vi har vore inne på, er Nord den av kyrkjelydane i utvalet som mest tydeleg synleggjer dåpen som folkekyrkjeleg rite. I gudstenesta blir dåpshandlinga langt på veg sentrum og høgdepunkt. Også med særskilte dåpslaurdagar legg Nord i samarbeid med nabokyrkjelyden i stor grad til rette for ei profilering av folkekyrkja som tenesteprodusent i lokalsamfunnet.52 Ein ønskjer å kome dåpsfamiliane i møte og leggje til rette for dåp også på laurdagar. For tilreisande familiemedlemmar kan dette vere ein fordel. Det er elles interessant å merke seg korleis den folkekyrkjelege grunnstrukturen, soknet, til dels blir viska ut med tanke på dåp.
Sør har til dels eit lågkyrkjeleg preg, men med folkekyrkjeleg tilslutnad bygd på tradisjon. Særleg er dette knytt til mellomalderkyrkja. I tillegg til det folkekyrkjelege elementet og dei kyrkjelege aktivitetane knytt til kyrkjelydshuset kan det lågkyrkjelege innslaget seiast å reflektere drag frå bedehuskyrkjelyden. Sør har eit meir eller mindre avgrensa truskollektiv eller trusfellesskap – og frå leiinga i kyrkjelyden blir det uttrykt ønske om at dei som går jamleg til gudsteneste, må bli fleire. Trusfellesskapet er såleis ikkje dominerande nok til at det er mogleg å snakke om truskollektivet eller bedehuskyrkjelyden i reindyrka form.
Aust profilerer seg som gudsteneste- og nattverdkyrkjelyd. Dit kjem det menneske frå heile byen for å feire gudsteneste. Soknet som grunnstrukturen i folkekyrkja blir dermed utfordra – men då med omsyn til gudstenestefeiringa. Gudstenestefellesskapet slik det manifesterer seg her, er knytt til gudsteneste- og nattverdfeiring, men òg i høgste grad til den kyrkjemusikalske opplevinga. Dermed er ikkje «trusfellesskap» eller «truskollektiv» utan vidare sakssvarande som omgrep. Snarare kan det vere rimeleg å snakke om gudsteneste- og nattverdkyrkjelyden i Aust som ein eigen kyrkjelydskategori.53 I Aust blir det folkekyrkjelege aspektet i mindre grad sett ord på, sjølv om det òg finst. Dette gjeld til dømes bruken av kjellarrommet under koret i kyrkja, krypten. Her snakkar ein eksplisitt om ein folkekyrkjeleg visjon. Kyrkjelyden ønskjer å skape ein arena til bruk også av lokalsamfunnet.54
Ut frå aktivitetsprofilen er alle kyrkjelydane avhengige av friviljug innsats. Dei friviljuge kan til ein viss grad seiast å utgjere kyrkjelydskjernen i alle dei fire kyrkjelydane. Dei friviljuge er kjernetroppane som held oppe den kyrkjelege aktiviteten. Dette peikar i retning av arbeidskyrkjelydstypen. Men rekrutteringa av friviljuge skjer ikkje sjeldan frå folkekyrkjelyden, til dømes personar som er i kontakt med kyrkja gjennom kyrkjelege handlingar eller trusopplæringstiltak. Når det gjeld arbeids- eller aktivitetskyrkjelyden, utgjer dei friviljuge ifølgje Hegstad, Aagedal og Selbekk ein kjerne i kyrkjelyden med kyrkjekaffien som viktig samlingspunkt.55 Som vi har sett, er kyrkjekaffien særleg viktig som samlingsstad i Aust.
Det er ikkje uventa at ein finn arbeids- eller aktivitetskyrkjelydstypen i alle dei fire kyrkjelydane i utvalet. Trusopplæringsreforma er viktig i så måte. Alle kyrkjelydane legg vekt på trusopplæring og har eit breitt spekter av aktivitetar knytt til dette. Gjennom denne satsinga har det skjedd ei omfattande fornying av kyrkjelydane sitt barne- og ungdomsarbeid. I boka om historia til Kyrkjerådet skriv Jan Arild Holbek treffande at trusopplæringsreforma har skapt «en liten kulturrevolusjon» i Den norske kyrkja.56 Men også gudstenestereforma og andre arbeidsmåtar, strategiar og program knytt til område som til dømes kyrkjemusikk og diakoni trekkjer i same retning. Her er ikkje minst sentralkyrkjelege organ som Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet sentrale aktørar for å initiere planar og strategiar som medverkar til auka og varierte aktivitetar i lokalkyrkjelydane.
Sjølv om ein kan finne ei folkekyrkjeprofilering i alle kyrkjelydane – men altså minst i Aust –, er det verd å merke seg at kyrkjelydane ikkje utan vidare nyttar folkekyrkjeomgrepet for å karakterisere visjonen og profilen sin. Snarare bruker ein karakteristikkar som «open» og «inkluderande» om kyrkjelydsfellesskapa. Nærleiken til lokalsamfunna blir streka under. Kyrkja skal vere for alle, med låge tersklar for å ta del. Dei folkekyrkjelege ritane er viktige i så måte. Ikkje minst gjeld det dåpen. Informantar frå stab og sokneråd legg vekt på at kyrkjelyden skal møte dåpsfamiliar på ein god måte. Fleire melder at dåpsfølgja har vorte større. Dette kan motverka ein eventuell nedgang i talet på dåpshandlingar. I Nord rekrutterer ein til dåp utanfor soknegrensene. Fleirtalet av dåpsborna er her busette utanfor soknet. Dermed er i praksis soknet demontert som grunnleggjande eining i den folkekyrkjelege strukturen.
Folkekyrkjetypen har òg ei viktig støtte i tradisjon og historie knytt til kyrkjebygga. Det er eit klart medvit om den rolla som dei eldre kyrkjehusa, som finst i alle fire kyrkjelydane, speler for den folkekyrkjelege tilslutnaden. Som vi har vore inne på, reflekterer Hegstad over kyrkjearkitekturen si rolle, og koplar folkekyrkja til høgreiste, tradisjonelle kyrkjebygg.57 Kyrkjebygga er elles i liten grad tematiserte i den kyrkjesosiologiske litteraturen. Undersøkinga av dei fire utvalde kyrkjelydane synest å stadfeste at den materielle kulturen i form av kyrkjebygg og kyrkjearkitektur speler ei rolle for folk sin kyrkjeidentitet. Dette er ein identitet som særleg ser ut til å vere knytt til eldre og monumentale kyrkjebygg. Desse kyrkjene er populære som seremonikyrkjer, og opplever tilslutnad ved konsertar og andre kulturaktivitetar. Mykje talar for at kyrkjebygga i større grad enn det som er tilfelle, bør inkluderast når det gjeld å tolke fellesskapsformene i kyrkjelydane i Den norske kyrkja.58
Eit hovudfunn i denne artikkelen er at det i alle dei fire kyrkjelydane i utvalet er mogleg å finne drag frå nesten alle typologiane som forskingslitteraturen opererer med. Slåande er det at arbeids- eller aktivitetskyrkjelydstypen tydeleg til stades i alle kyrkjelydane. I så måte er dei ganske like. Samstundes har dei i større eller mindre grad tydelege drag av det eg har kalla ein folkekyrkjeleg profil. Men denne samsvarar vel å merke ikkje med korleis folkekyrkjetypen er karakterisert i den kyrkjesosiologiske litteraturen. Her blir det hevda å vere særmerkt for denne kategorien at det er få særlege kyrkjelege aktivitetar ut over det som er knytt til prestetenesta. Men dette høver ikkje på nokon av kyrkjelydane i utvalet. Tvert om er dei alle aktivitetskyrkjelydar med eit omfattande kyrkjelydsarbeid og mange aktivitetar.
Dermed synest det heller ikkje å vere nokon motsetnad mellom folkekyrkjetypen og aktivitetskyrkjelyden. Trusopplæring og andre aktivitetstiltak kan, som vi har sett, vere del av ei folkekyrkjeleg profilering. Det innhaldsmessige i trusopplæringa kan byggje opp under ein «folkekyrkjeideologi». I undersøkinga Når tro skal læres frå 2008 blir det peika på at element som sterkare har prega kyrkjelydar av folkekyrkjetypen, gjer seg gjeldande òg i andre kyrkjelydstypar. Som døme blir det nemnt at den vekta på det skapingsteologiske og dåpsteologiske som gjerne har særmerkt kyrkjelydar med folkekyrkjeleg profil, «i sterkere grad har blitt et kirkelig allemannseie».59
Vidare er det karakteristisk for folkekyrkjetypen at han ikkje har ein dominerande indre kjerne (trusfellesskap, truskollektiv), og at det er få som går regelbunde til gudsteneste, ifølgje forskingslitteraturen.60 Dette passar heller ikkje utan vidare på dei aktuelle kyrkjelydane. Til dømes har Sør ein indre kjerne, eit trusfellesskap (av bedehustypen), men òg klare folkekyrkjelege drag. Det eine utelukkar ikkje det andre. Snarare kan det vere slik at folkekyrkja og trusfellesskapet utfyller og føreset kvarandre, slik Hegstad hevdar.61
Ut frå funna i denne artikkelen kan det vere nærliggjande å problematisere bruken av typologiar for å kategorisere kyrkjelydar. Er dei for stiliserte til at dei reflekterer røyndommen på ein adekvat måte? Det er ein fare for at dei inneber forenklingar som medverkar til å tåkeleggje den faktiske røyndommen. Ikkje minst kan bruken av slike typologiar gje eit statisk bilete av kyrkjelydane utan å få fram dynamikken som finst, til dømes mellom ulike grupper og aktivitetar. Det kan òg innvendast mot typologiane at dei er for diffuse til at dei kan nyttast effektivt som analyseverktøy. Ikkje desto mindre nyttar også nyare forsking slike typologiar for å kategorisere og karakterisere ulike kyrkjelydar.
Kategoriar som «folkekyrkjetypen» (eller «bygdekyrkja» hos somme forskarar), «arbeids- og aktivitetskyrkjelyden», «bedehuskyrkjelyden», samt ein mogleg fjerde kategori: «gudsteneste- og nattverdkyrkjelyden», kan snarare vere uttrykk for ulike sider av kyrkjelyden forstått som eit samansett aktivitetssystem som ein vil finne i dei fleste kyrkjelydane. Ut frå dette er det mindre fruktbart å operere med kyrkjelydstypologiar som eksklusive kategoriar. Ein kan dermed tenkje annleis om deira funksjon. Typologiane tener i første rekkje til å karakterisere ulike sider eller aspekt ved aktiviteten i ein kyrkjelyd snarare enn å identifisere særdrag ved ulike kyrkjelydar.
Ein ytterlegare dimensjon som materialet avdekkjer, er at soknegrenser ikkje lenger avgrensar kyrkjelydar like tydeleg som før. I Nord er soknegrensene i praksis viska ut i samband med dåp. Fleirtalet av dåpsborna her er frå andre sokn. Aust rekrutterer til gudsteneste frå heile byen utan omsyn til soknetilhøyrsle. Det same er i nokon grad tilfelle i Vest, ikkje minst når det gjeld deltaking på ulike kulturarrangement. At soknegrenser speler mindre rolle, kan medverke til å utfordre for skarpt avgrensa kyrkjelydstypologiar.
Dei siste tiåra er det mykje som tyder på at kyrkjelydane i Den norske kyrkja har vorte meir lik kvarandre. Dette kan vere ei vesentleg forklaring på at typologiane ikkje lenger «treff» heilt som karakteristikkar av ulike kyrkjelydar. Ulike reformer, strategiar og planar initierte «ovanifrå», frå sentralkyrkjeleg hald, har ikkje minst medverka til denne utviklinga. Kyrkja har vorte meir sentralisert og straumlinjeforma. Dei store avgjerdene blir i stor grad fatta sentralt og gjennomført nedover i systemet med kyrkjelydane som endemål. Dette har ikkje berre ført til at det har vorte fleire kyrkjelege aktivitetar, det har òg medverka til at kyrkjelydane har vorte meir like.
Også her kan trusopplæringsreforma tene som eit viktig døme. Undersøkinga Når tro skal læres (2008) var inne på at reforma har medverka til «en viss tilnærming mellom menigheter som i utgangspunktet tilhører ulike typer».62 Dette draget kan synest å ha vorte alt tydelegare. Reforma har etter kvart sett eit tydeleg preg på mest alle kyrkjelydane i Den norske kyrkja. Ho har ført til ein ny giv og stort engasjement, og utløyst ein omfattande friviljug innsats og aktivitet. Mykje av innhaldet og aktivitetane som det er lagt opp til, er like frå kyrkjelyd til kyrkjelyd, til dømes faste innslag som babysong, utdeling av 4-årsbok, tårnagentar og «Lys vaken». Trusopplæringsreforma er ein av dei viktige faktorane som har vore med å auke aktivitetsnivået i kyrkjelydane – og samstundes gjort dei meir lik kvarandre.
Det biletet som kan teiknast av dei aktuelle kyrkjelydane som opplever vekst i gudstenestesøkinga, er samansett. Eit viktig fellesdrag er at dei alle kan karakteriserast som «aktivitetskyrkjelydar». Dessutan synest veksten dels tufta på den folkekyrkjelege kulturen, ikkje minst knytt til livsritane, dels på det ein kan kalle gudsteneste- og nattverdkyrkjelyden (som ikkje utan vidare er det same som «truskollektiv» eller «trusfellesskap»). Endeleg er veksten i gudstenestesøking knytt til ein aukande mobilitet mellom soknegrensene.63
Fotnoter
1
Kyrkjedatabasen, Norsk senter for forskningsdata (NSD), https://nsd.no/data/kirke/ (lasta ned 24.5.2020).
2
Ibid. (lasta ned 2.4.2019).
3
Dei anonymiserte namna på kyrkjelydane reflekterer omtrentleg den geografiske lokaliseringa.
4
Utvalet av kyrkjelydar skjedde i ein tostegsprosess. Først vart kyrkjelydar med meir enn 10 prosent auke i folketal, nyleg samanslåtte kyrkjelydar og kyrkjelydar som nyleg har fått ny kyrkje, utelukka frå undersøkinga. Dernest vart berre kyrkjelydar med fleire enn 3000 medlemmar tekne med, og dessutan kunne det ikkje vere fleire kyrkjelydar frå same bispedømme.
5
Sjå også Elisabeth Tveito Johnsen, «Growth in a Context of Decline: Congregations in Processes of Change», Studia Theologica – Nordic Journal of Theology, under publisering.
6
Knut Lundby, Troskollektivet: En studie i folkekirkens oppløsning i Norge (Universitetsforlaget: Oslo, 1987).
7
Harald Hegstad, Folkekirke og trosfellesskap: Et kirkesosiologisk og ekklesiologisk grunnproblem belyst gjennom en undersøkelse av tre norske lokalmenigheter (Trondheim: Tapir, 1996).
8
Lundby, Troskollektivet, 99.
9
Ibid.
10
Hegstad, Folkekirke og trosfellesskap, 15–17.
11
Ibid., 391–92.
12
Ibid., 394–95.
13
Olaf Aagedal, Bedehusfolket: Ein studie av bedehuskultur i tre bygder på 1980- og 1990-talet (Trondheim: Tapir, 2003). Jf. Olaf Aagedal, Rapport frå bedehusland (Oslo: Samlaget, 1988).
14
Tilsvarande nyttar òg kyrkjeforskaren Sevat Lappegard omgrepet «bygdekyrkje» om den lokale folkekyrkja. Sjå Sevat Lappegard, «Bygdekyrkja», i Bedehuset: Rørsla, bygda, folket (red. O. Aagedal; Oslo: Samlaget, 1986), 61–74.
15
Aagedal, Bedehusfolket, 78–79, 110–112.
16
Harald Hegstad, Olaf Aagedal og Anne Schanche Selbekk, Når tro skal læres: Sju fortellinger om lokal trosopplæring (Trondheim: Tapir, 2008).
17
Ibid., 20, 156–57.
18
Harald Hegstad har hovudansvar for det aktuelle kapittelet i boka (kap. 13).
19
Hegstad, Aagedal og Schanche Selbekk, Når tro skal læres, 157.
20
Lars Råmunddal, Konsept og endring: En studie av hvordan lokale ekklesiologier formes (Trondheim: Tapir, 2011).
21
Ibid., 82–85.
22
Anne Haugland Balsnes, «Musikk for menigmann? Liturgisk musikk i spenningen mellom folkekirke og trosfellesskap», i Gudstjeneste à la carte: Liturgireformen i Den norske kirke (red. A.H. Balsnes, S. Christensen, J.T. Christoffersen og H.O. Mosdøl; Oslo: Verbum, 2015), 190–208 (191).
23
Nærmare om prosjektet, sjå til dømes Erling Birkedal, «Menighetsutvikling i et folkekirkeperspektiv: Hvorfor og hvordan drive systematisk utviklingsarbeid i Den norske kirke», i Folkekirke nå (red. S. Dietrich, H. Elstad, B. Fagerli og V.L. Haanes; Oslo: Verbum, 2015).
24
Erling Birkedal, Harald Hegstad og Turid Skorpe Lannem, Menighetsutvikling i folkekirken: Erfaringer og muligheter (Oslo: IKO-forlaget, 2012).
25
Årsmelding Aust, 2017.
26
Årsmelding Aust, 2016.
27
Årsmelding Aust, 2017.
28
Visitasprotokoll Aust, mai 2017.
29
Årsmelding Aust, 2017.
30
Jf. Aagedal, Bedehusfolket, 110, 112.
31
Samanslåinga fann stad etter perioden for denne undersøkinga, som sluttar i 2017.
32
Årsmelding Vest, 2016.
33
Intervju med kyrkjelydsleiinga, Vest kyrkjelyd.
34
Ibid.
35
Ibid.
36
Ibid.
37
Årsmelding Vest, 2016.
38
Årsmelding Vest, 2018.
39
Kommunesamanslåinga skjedde etter tidsperioden for denne undersøkinga, som sluttar i 2017.
40
Intervju med kyrkjelydsleiinga i Sør.
41
Årsmelding Sør, 2016.
42
Årsmelding Sør, 2015; Årsmelding Sør, 2016.
43
Årsmelding Sør, 2016.
44
Årsmelding Sør, 2015.
45
Intervju med kyrkjelydsleiinga i Sør.
46
Ibid.
47
Årsmelding Sør, 2016.
48
Intervju med kyrkjelydsleiinga i Sør.
49
Intervju med kyrkjelydsleiinga i Nord.
50
Årsrapport 2018, Nord.
51
Årsberetning 2016, Nord.
52
Sjå Jens-Petter Johnsen, «Gud vil ha folk! Folkekirke og trossamfunn i fremtidens norske kirke», i Dietrich et al., Folkekirke nå, 12–20.
53
Jf. Aagedal, Bedehusfolket, 110, 112.
54
Årsmelding Aust, 2017.
55
Hegstad, Aagedal og Selbekk, Når tro skal læres, 157.
56
Jan Arild Holbek, Rådet som forandret kirken: Kirkerådet gjennom 50 år (Oslo: Verbum, 2019), 122.
57
Hegstad, Folkekirke og trosfellesskap, 285.
58
Dette er eit viktig perspektiv: Ingrid Grindem Staurheims avhandling, Kirkebygg og identitet: En religionssosiologisk undersøkelse av folks forhold til kirkebygget belyst gjennom reaksjoner på (to) kirkebranner (Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo, 2020).
59
Hegstad, Aagedal og Selbekk, Når tro skal læres, 159.
60
Ibid., 157.
61
Hegstad, Folkekirke og trosfellesskap, særl. 382–414. Jf. Johnsen, «Growth in a Context of Decline».
62
Hegstad, Aagedal og Selbekk, Når tro skal læres, 158–59
63
Takk til anonyme fagfellar for gode råd og innspel som har medverka til å forbetre artikkelen. Takk òg til medforskarar og leiar i prosjektet for godt arbeidsfellesskap og konstruktive attendemeldingar på teksten undervegs. Som redaktør av tidsskriftet har eg ikkje hatt redaksjonelt ansvar for denne utgåva. Eg har sjølvsagt heller ikkje vore involvert i den redaksjonelle vurderinga av eigen artikkel.
Information & Authors
Information
Published In
Copyright
Copyright © 2020 Author(s).
null
History
Published online: 15 October 2020
Issue date: 15 October 2020
Authors
Metrics & Citations
Metrics
Citations
Export citation
Select the format you want to export the citations of this publication.
Crossref Cited-by
- Et «makedonsk kall», Scandinavian Journal for Leadership and Theology.
View Options
View options
Purchase Options
Save for laterJournal Subscription
Get access to the entire journal with a subscription.
VIEW ALL SUBSCRIPTION OPTIONSLogin Options
Check if you have access through your login credentials or your institution.